Med en sterk oppfordring til helgeliv!

Weekend

magasinet

Av Synneva Gjelland Ja, eg går no berre her for meg sjølv om dagen, går og sparkar rundt i slapsete sluddsnø i einellerannan grå by i tøysko, udigg, nitrist, og dei har ikkje cherrox i vaksenstorleikar heller så eg får ikkje heldt meg tørrskodd og varm no som det er november og pandemi og alt, og me har berre sosiale media att, og nokre appar med godt designa fluktruter frå det stusslege, vanlege, dryge tilveret som ingen eigentleg set pris på lengre, for det er jo slik, om ein tenkjer over det, at ingen tør å ha det keisamt lengre og høyre sine eigne tankar surre, og eg er ikkje annleis eg for eg synest det er vanskeleg å vere åleine og å kjenne at einsemda kjem snikande innpå og det snører seg mest i hjernen og eigentleg i hjartet òg, og det vert vanskeleg å sjå ein utveg, å finne ein moglegheit, det kjenst som om ein ikkje har nokre robuste relasjonar lengre, og det er vanskeleg å skilje kva som faktisk er røynda og kva som berre er tankar som ein får fordi ein er redd for dette med å vere åleine, samstundes som ein ser så mange rundt seg som og er åleine og eg tenkjer at det er heilt vanleg å vere det, men at det jo er dumt at det er vanleg og at me alle går rundt og er redde for å vere åleine, eller kanskje helst redde for å ende opp åleine, og så burde me jo difor eigentleg søkje kvarandre i plassen, men det kjenst faktisk lettare å heller søkje opp ein middagspartner på youtube og setje dataen sin opp på andre sida av kjøkkenbordet på hybelen enn å sende ein melding og høyre om ein gamal eller ny ven eller kjenning kunne tenkje seg å byte nokre ord over litt mat, slik som ein gjorde det før ein vart sånn einsam som ein er no, og korleis ein plutseleg kunne kjent på at ein knyter seg til kvarandre når ein brukar tid saman og ser kvarandre i augo og ser ein annan reagere og skjønar at denne personen, denne personen likar å vere i mitt selskap, eller kanskje gjer den ikkje det, men då skjønar ein at det er sånn at alle folk ikkje går like godt i lag og soleis kan ein skiljast utan å vere bitter, men skiljast og tenkje at slik vart det no, og så kan ein ete middag med ein annan person i plassen, for det skal ikkje undervurderast dette med ein middagskamerat, ein måltidsven, og kanskje til og med ein fast slik ven, kanskje til og med ein sånn som ein får knyte seg litt ekstra tett til og legge seg litt ekstra tett inntil når det vert mørkt, for det vert mørkt allereie klokka 4 no om dagen, og då kan det vere godt å kjenne at ein ikkje er åleine der i mørket, og at det viktig med nokon som kanskje berre vekker deg med ein koseleg tommel på kjaken, eller kanskje stryk deg litt over håret og vil ha kaffi når de kjem de opp av senga og kanskje er det sol, for det hender jo at det er det, òg i november, og eg tenkjer at det er dumt av oss å ikkje kaste alt me har i henda og bryte alt av vanar, normer, fordommar, standardar, forventningar og hemningar og hindringar og gjerder og barrikadar og murar og så kaste oss i det utan redsle og tvil, om ikkje for anna så for vinteren 2020 og for at me må bli menneske att, menneske og folk som lev i lag og ikkje kvar for seg og tenkjer på kvart sitt, men som tenkjer på alt vårt og det ein kan dele og det ein burde dele og må dele og dei som tek imot og ber dine bører med deg og lyfter dei tunge lodda av skuldrene dine og gjev deg latterkuler og nye meiningar og idear og vil lage ting med deg og vil kjempe med deg for at me kan få det bra att. Alle saman.